Kategorier
Utenfor huset

Mosefri gressplen

1. Rett pH
Ein viktig føresetnad for å få ein frisk og fin plen er at jorda har rett pH-verdi. pH-verdien er eit mål på kor sur jorda er, og jo lågare pH-verdi, jo surare er jorda. pH-verdien i jorda skal liggje rundt 6.0.

Er jorda for sur, vil mosen trivast og graset mistrivast. I så fall må jorda tilførast kalk, noko som gjer jorda mindre sur. Er pH-verdien for høg derimot, kan kalking vere øydeleggjande.
Det første skrittet mot ein finare plen er derfor å finne ut kor høg pH-verdien er.

2. Gjødsling og kalking
Dersom det stikk grasspirer opp gjennom mosen for kvar 10-15 cm, skal du ikkje røre mosen. Hiv på 2-3 sekker Plenkrutt per 100 m2. Er jorda sur skal du kalke i tillegg. Dette gjer du i midten av mars.

3. Kalksalpeter
Kring midten av april skal du ha på om lag 15 kg kalksalpeter per 100 m2. Du kan repetere dette inntil to gonger innan slutten av mai. Mykje gjødsling fører til meir plenklipping, men eit tettare og jamnare resultat.

4. Regelmessig gjødsling
Kvar månad fram til slutten av august skal du ha på mellom ein halv og ein sekk Plenkrutt per 100 m2.

5. Klipping og stell
Vent til plenen er 7-8 cm høg før du klipper første gongen. Bruk høgaste trinnet på klipparen ut juni.

6. Ikkje klipp for kort
Klipp siste gongen kring 10. september. Graset bør vere 8-10 cm høgt før vinteren. Det gir nok opplagsnæring for at plenen skal klare seg fram til våren.

NB!
Alle desse tiltaka gjeld berre det første året, når du skal ha bort mosen.

Jernsulfat drep plenen! Nyttar du jernsulfat for å ta knekken på mosen, riskerer du også å ta knekken på plenen. Jernsulfat gjer nemleg jorda surare og dette gir betre tilhøve for mosen. Resultatet er at du endar i ein vond sirkel og at du til slutt kan verte nødt til å pløye eller frese opp plenen og leggje ny.

Vanlige søkeord:

  • jernsulfat

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *