Kategorier
Utstyr

Bygg kaldrøykeovn

Få tak i ein gamal vedomn. Jøtul har nokre heilt små.

Grav deg ein meter inn i ei heller lang skråning og set omnen der. Til røykrøyret festar du vanlege drensrøyr som du grev ned i skråninga. Ha omlag 8 meter røyr slik at røyken får kolne litt.
Der du let røyra kome opp or bakken set du eit tomt oljefat med botnen fjerna. Rundt kanten øverst borar du store hol slik at røyken kan kome ut.

Når du skal bruke omnen lar du han bli god og varm med vanleg ved. Når veden er blitt glør, legg du ei metallplate over glørne og strør spon frå ulike tresortar oppå. Varmen frå jarnplata vil få spona til å ryke.
Du kan få kjøpt pakkar med spon for røyking.

Når du skal bruke omnen festar du fisken til pinnar som rekk tvers over fatet, legg på lokket og røykjer fisken.

Det er viktig at du klara å halde låg temperatur. Det er derfor viktig at det ikkje brenn i omnen.

Vanlige søkeord:

  • bygge røykovn
  • bygge røykeovn
  • kaldrøykeovn

0 svar til “Bygg kaldrøykeovn”

Legg finmaska metallnetting 10 cm. over bunnen av tønna. Det skjer av og til at det kan bli for varmt i tønna,og da detter fisken ned.Jeg ødela devis en laks på 11kg.

Legg igjen en kommentar til En uheldig røyker. Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *